Kva skjer i Vest-Telemark?

Tur - Fagerliheia

Kaldvatn 3853 Vrådal
 
Søndag 17. september 10.00
 
Frammøte er på fylkesveg 38 ved «Passet» ved Kaldvatn på heia mellom Tørdal og Vrådal kl. 10.00. Her set ein att nokre bilar før ein køyrer til startstaden.
Turen blir ein rundtur med start ved «Bruresteinen», på traktorslepe fyrst og seinare noko bratt på merke etter gamle transportvegar for høy ned frå myrslåttane oppe på heia. Seinare i relativt lett og opent terreng vestover mot varden på det høgaste punktet. Nedturen går på blåmerka og bratt sti med mykje berg ned til «Passet». Dersom berga er våte og glatte blir det vald ein annan stad å legge turen ned frå fjellet.
Denne turen er middels krevjande til krevjande og vil vera ein dagstur på omlag 5 – 6 timar. Derfor krevst det mat og drikke, vanleg turantrekk etter forholda og godt og stødig fottøy.
Turleiar, kjentmann og forteljar er Jon Ingebretsen. Turlagets turkartfoldar dekker området, som er grensefjell mellom Drangedal og Kviteseid kommunar.
 
Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.