Eldredagen 2017 - Mila aktivitetssenter frå Vest-Telemark.no

Eldredagen 2017 - Mila aktivitetssenter

Nissedal kommune

Treungvegen 398

3855 Treungen

Nissedal eldreråd og Nissedal kommune inviterer til markering av eldredagen torsdag 14. desember kl 13.00 på Mila aktivitetssenter. Vi byr på god underhaldning og god mat.

Vi har invitert Nicolae Bogdan til å spele for oss. Han vil framføre kjente og kjære melodiar, som ein kan synge med på om ein vil. Nissedal bygdekvinnelag serverer nydeleg ertesuppe til oss, og kake til kaffien sponsar Fagforbundet.

Program:
• 13.00 – 14.00: Underhaldning ved Nicolae Bogdan
• 14.00 – 15.00: Matservering med ertesuppe og kake/kaffe på menyen

Hjarteleg velkomen til hyggetreff og markering av eldredagen på Mila torsdag 14. desember.
Arrangementet er gratis

Med venleg helsing
Nissedal kommune, eining for kultur, i samarbeid med Nissedal eldreråd, Nissedal bygdekvinnelag og Fagforbundet

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.