Kva skjer i Vest-Telemark?

This Will Rock You

This Will Rock You frå Vest-Telemark.no
Nissedal kommune Treungvegen 398, Treungen 3855 Treungen
 
Laurdag 29. april 16.00 – 18.00
 
NB! EKSTRAFRAMSYNING KL. 18:30!

I år er det 25 år sidan Nissedal kulturskule vart starta, og dette skal vi feire med ei storstilt jubileumsframsyning.
Jubileumsframsyninga er skriven av Leif Arild Sanden som også er regissør.
Til å framføre det heile står alle kulturskulens elevar på scena.
I samband med jubileet har vi hatt tilbod om teaterundervisning i kulturskulen og den fine teatertruppen vil de få sjå i framsyninga, saman med ei mengde musikalske godbitar levert av kulturskulens flinke elevar.
Framsyninga handlar om tilbakeblikk/skråblikk på 25 år med kulturskule og vil få deg til å kjenne igjen, le, mimre og bli overraska.

Billettar til framsyninga kan du kjøpe i resepsjonen på kommunehuset i opningstida, 07.45 - 15.00 på kvardagar.
Det er eit begrensa antal billettar, så det kan vere lurt å kjøpe billett på førehand.

Billettpris kr. 50,-
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.