Kva skjer i Vest-Telemark?

Informasjon om kalenderen

Arrangementa som kjem opp i Vest-Telemarkkalenderen kjem frå to databasar som heiter tellUs og Bagera. TellUs brukast allereie av VisitTelemark og mange andre reiselivssider både i Noreg og utlandet. Bagera tilhøyrer Amedia, og brukast mellom anna av journalistar i avisene deira. Mykje av informasjonen i desse basane er å sjå rundt om i aviser, på informasjonsskjermar, nettsider og brosjyrar for reiseliv. Informasjonen er delt inn i kanalar for ulike område og interesser.

Skisse over kvar informasjonen i Vest-Telelemarkkalenderen kjem frå

Vest-Telemark har no også fått sin heilt eigen kanal i dette samarbeidet, og det er vår eiga lokale Svånaug i Fyresdal som styrer kva som kjem opp i denne. Når du legg til ein arrangement i ei av Vest-Telemarkkommunane, anten via Facebook, TA eller andre system, vil det dukke opp i systemet. Dersom Svånaug eller medhjelparane hennar meiner at det er interessant for folk i Vest-Telemark, legg dei det ut på Vest-Telemarkkalenderen. Personar som jobbar for andre kanalar kan også plukke opp arrangementet, slik at det dukkar opp andre stader som i TA eller på VisitTelemark.

Les korleis du legg til arrangement her

Alle åpne og offentlege arrangement i Vest-Telemark vil i utgangspunktet bli lagt ut i kalenderen. Lukka eller private arrangement kjem ikkje ut. Arrangementet må ha rett plassering i ei av Vest-Telemarkkommunane, ellers vil vi ikkje klare å fange det opp.