Kva skjer i Vest-Telemark?

Slik registrerer du arrangement

Her finn du to måtar å legge inn arrangement i Vest-Telemarkkalenderen. Anten via Facebook eller via TA sin kalender.

Her kan du lese meir om kva som skjer med arrangementa du registrerar.

Alternativ 1: Legg arrangementet ditt på Facebook

Mange legg allereie arrangementa sine på Facebook, og då treng du berre å gje kalenderen tilgang til arrangementa dine der. Integrasjonen med Facebook skjer via TA og Amedia sitt kalendersystem Bagera.no. Bagera får tilgang til å sjå alle arrangement du skal på eller er interessert i, men det er berre dei offentlege arrangementa som blir delt videre med andre. I praksis kan Bagera sjå akkurat det samme som andre Facebook-brukarar kan sjå om deg. Du deler altså ikkje meir informasjon enn det du allerede har delt med Facebook. Om du går til Bagera kan du sjå kva den allereie har plukka opp frå venner og folk rundt deg.

Gå til http://bagera.no/
Skjermbilde frå Bagera
Dersom du deler posisjonen din, vil Bagera vise arrangement i nærleiken.
Skjermbilde frå Bagera
Her ser du dei arrangementa som Bagera allereie har plukka opp.
Skjermbilde frå Bagera
Mine arrangement under Bagera. Bagera spør om du vil hente arrangement frå Facebook-profilen din.

Første gong du går inn på mine arrangement (trykk på personikonet på linja øvst), får du spørsmål om å hente arrangement frå Facebook. Klikk på knappen «Hent frå Facebook». Når Facebook spør om du vil tillate at Bagera hentar informasjon frå profilen din, svarer du ja på dette. Bagera vil no starte å hente arrangement som er synlege på profilen din. Dette gjeld både dine eigne arrangement, men også andre sine arrangement som du skal på eller er interessert i.

Skjermbilde frå Bagera
Mine arrangement i Bagera etter at den er kopla mot Facebook.

Om du går inn på Bagera igjen litt seinare, vil du no få opp alle arrangement du skal på eller er interessert i under «Mine arrangement». Også private arrangement er synlege her, men berre dei som er offentlege blir synlege for andre. Bagera vil også plukke opp arrangement på Facebook-sider du administrerer, men berre dei du skal på eller er interessert i.

Dersom du seinare lurar på kvifor eit arrangement ikkje visast i kalenderen, kan du gå inn her og sjå om arrangementet har blitt plukka opp. Dersom det er av allmenn interesse, og ikkje bryt med retningslinjene til Bagera eller tellUs, skal det etter kvart kome opp i kalenderen.

Skjermbilde frå Bagera
Under innstillingar kan du sjå kva for profilar du har kopla Bagera til.

Du kan når som helst kople profilen din frå Bagera, ved å klikke på tannhjula oppe i høgre hjørne, og velje å kople frå.

Alternativ 2: Legg arrangementet ditt på TA.no

Dersom du ikkje ynskjer å bruke Facebook, kan du registrere arrangementet direkte i TA sitt kalendersystem.

Gå til http://ta.no/kalender/
Skjermbilde frå TA sin kalender
Inngangssida til TA sin kalender.

Klikk på «Legg til arrangement» og opprett konto for å legge til arrangement. Desse arrangementa blir synlege i Bagera på same måte som når det hentast frå Facebook.