Kva skjer i Vest-Telemark?

Dyrsku´n 2017

Dyrsku´n 2017 frå Vest-Telemark.no
dyrskuplassen I seljord Nordbygdivegen 60, Seljord 3840 Seljord
 
Fredag 8. september 09.00 – søndag 10. september 18.00
 
I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku'n samla opp mot 90 000 menneske frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september!
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.