Kva skjer i Vest-Telemark?

Seljordkappleiken 2017

Seljordkappleiken 2017 frå Vest-Telemark.no
Granvin kulturhus Nyveg 16 3840 Seljord
 
Fredag 15. september 20.00 – 01.00
 
Fredag 15.september: "Guro Heddelid- ei femme fatale frå den gong då" med Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Mala Fama.
Billettpris: 200,-
Om forestillinga på fredag:
"Guro Heddelid- ei femme fatale frå den gong då" er ein folkemusikal som kombinerer teater, moderne grafiske element og tradisjonsrik folkemusikk med ein av dei mest dramatiske tekstane frå Telemark - alt i ei storslått pakke. Grunnlaget for forestillinga er Jørund Telnes sin diktsyklus om livet til fagre Guro frå den gjeve Heddelidgarden i Seljord, og som har levd på folkemunne sidan den gong. Me fylgjer historia til den sagnomsuste, mystiske og ville Guro Heddelid medan tonar, ord og dramatiseringar glir over i kvarandre. Musikarane frå Summrs/Silvola/Kvam er både karakterar og spelemenn, medan eit spannande visuelt bakteppe sett stemninga for hovedpersonen sjølv: Guro – spelt og sunge av den erfarne folkemusikaren frå Seljord, Ingebjørg Lognvik Reinholdt.
Lørdag 16.september: Kappleikstart 12:00. Påmelding fra 11:00-15:00
Pris per deltakelse: Junior 100,- og senior 150,-.
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.