Kva skjer i Vest-Telemark?

Telemarks rike vikingarv

Telemarks rike vikingarv fra Vest-Telemarkkalenderen
Seljord bibliotek 3840 Seljord
 
Onsdag 8. mars 19.00
 
Foredrag med Anders Kvåle Rue. Vikingtida er i vinden som aldri før, i TV-seriar, på film, i artiklar og på utstillingar. I Noreg forbind me vikingtida mest med Vestlandsfjordane,Trøndelag og Vestfold. Men har vårt eige fylke ein vikingarv? - Ja, seier Anders Kvåle Rue, illustratør og leiar av vikingggruppa “Olavs Menn”. - Dei arkeologiske funna frå vikingtida er rike og spennande i Telemark, og også i sagatekstene finn me telene. Men Telemark sin vikingkultur har kome i skuggen av 1800-talskulturen, med bunader, hardingfele og rosemåling.
I foredraget sitt vil Rue vise bilete frå dei rike vikingtidsfunna rundt om i fylket vårt, og lyfte fram personar og hendingar frå Telemark si vikingtid.
Kviteseid folkebibliotek, Seljord bibliotek og Seljord sogelag er arrangørar, og arrangementet er ein del av Bibliotekveka i Telemark. Gratis inngang.
 
Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.