Kva skjer i Vest-Telemark?

Arkivdag via til Rikard Berge

Arkivdag via til Rikard Berge frå Vest-Telemark.no
Vest-Telemark Museum Museumsvegen 9 3891 Høydalsmo
 
Onsdag 15. november 19.00 – 21.00
 
Arkivdagen på Vest-Telemark Museum i Eidsborg vert via til folkeminnegranskaren Rikard Berge (1881-1969), fødd på Berge i Rauland.

Rikard Berge blei tilsett som styrar for fylkesmuseet i Telemark i 1916. Han la ned eit stort arbeid i å samle tradisjonsmateriale frå heile fylket. I 1970 fekk Telemark Museum overta den unike samlingane etter han. Denne bestod mellom anna av 800 notatbøker som sidan har blitt digitalisert. I 2011 fekk museet i tillegg meir enn 600 negativar på glasplater. Desse syner både folk, gardar og tun frå kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje og Tokke. Fotografia er frå perioden 1905-1945, og har stor kulturhistorisk verdi.

På arkivdagen kjem fyrstekonservator ved Telemark Museum, Tor Kjetil Gardåsen, og syner smakebitar frå fotosamlinga etter Rikard Berge. Han vil også fortelje om den unike handskriftsamlinga som ligg ute på nett.

Arrangementet kostar 100,-/50,- for dei med årskort. Kaffe og kake inkludert.
Gode boktilbod i bui.

Les meir om fotosamlinga her: http://www.telemarkmuseum.no/2017/10/16/rikard-berge-si-flotte-fotosamling-er-digitalisert/.

Medarrangør: Telemark Museum
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.