Kva skjer i Vest-Telemark?

Bli ven med data - kurskveldar på biblioteket

Bli ven med data - kurskveldar på biblioteket fra Vest-Telemarkkalenderen
Tokke Bibliotek Storvegen 211, Dalen 3880 Dalen
 
Torsdag 9. mars 17.00 – 19.00
 
Betale rekningar?
Lese nyheiter frå fjern og nær?
Halde kontakten med slekt og vener?

Dette er nokre få av dei tenestene og moglegheitene som finst på nett. Det er enkelt og effektivt å bruke internett, særleg når ein bor på bygda og det kan vere langt til mange kontor og tilbod.

Tokke bibliotek lanserer ei ny teneste – bli ven med data. Dette gjer me som del av den nasjonale kampanjen "Internett for alle". Du treng ikkje kunne noko frå før for å gå på datakurs. Me set av tid til å lære i eit roleg tempo, og til å øve fleire gonger på grunnleggande ting. Du kan lære alt frå å slå på maskinen til å finne og bruke offentlege tenester og underhaldning.

Biblioteket startar opp ei rekke med kurskveldar for deg som vil lære meir om data. Du kan ta med eigen PC (evt MAC) eller nettbrett, eller du kan låne her. Det er fint viss du melder deg på, så veit me kor mange som kjem og kan sjå til at me er mange nok instruktørar til at alle får den hjelp dei treng.

Torsdag 9. mars kl. 17-19 Oppstart.
Lær å bruke PC/nettbrett. Lær å bruke internett.
Torsdag 23. mars kl. 17-19
Lær å bruke internett. Lær å bruke e-post. Litt om facebook.
Torsdag 6. april kl. 17-19
Meir om facebook. Lær å logge deg på med bank-ID.
Torsdag 20. april kl. 17-19
Bli kjent med offentlege tenester på nett, som norge.no, Altinn og NAV. Meir om nettbank og bank-ID.

Ut over desse kurskveldane, er ein velkomen til å kontakte biblioteket for spørsmål om bruk av data og internett. Det beste er å bestille «time» i forkant, slik at me kan sette av tid til å hjelpe. Ta kontakt med biblioteket, så finn me ut av det! Kom innom eller ring 35 07 56 66.
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.