Kva skjer i Vest-Telemark?

Damer og øl

Damer og øl fra Vest-Telemarkkalenderen
Tokke Kulturhus Storvegen 211, Dalen 3880 Dalen
 
Torsdag 16. mars 18.00 – 22.00
 
Kom og ver med på vårens beste smaksreise med øl og ost. Hilde Hummelvoll, Hege Ramseng, Inger Lise Uhlen og Bodil Nordjore tek deg med på ei reise med “kvændi”, øl og smakar. Det vert ei strålande reise med gode ord, forteljing om ulike ølslag (myrkt og ljost, mykje humle/lite humle, og mykje ein aldri tenkjer på), det er so mange ord ein ikkje skjynar i ølbransjen.

Bodil tek deg med på ei lite reise med boka “Kvinnerolla og norsk matkultur”

Her vert det mykje latter, glede og kunnskap i salig blanding. Gilde smakar og godt øl – kjærringølet skal du få smaka. Sal av bøker og ostetallerken med ulike ølslag. Fri inngang – hjarteleg velkomen. Du er venta.

Bygdekvinnelaget og biblioteket står som arrangørar.
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.