Kva skjer i Vest-Telemark?

Fyrålåmi 2017

Fyrålåmi 2017 frå Vest-Telemark.no
Åmdals Verk 3880 Dalen
 
Søndag 9. april 09.00 – 18.00
 
Fyrålåmi er ein tradisjonsrik tur som gjeng palmesundag kvart år.
Løypa er på 20 km og går i fint terreng frå Fyrå på Skafsåheia til Åmdals Verk Samfunnshus.
Årets utgåve er den 31. i rekkja, og datoen er 9. april
Det vert sett opp bussar frå Åmdals Verk Samfunnshus og opp til start på Fyrå med avgang klokka 10:00.
Vel nede i mål på samfunnshuset er det registrering der ein får følgande premiar:
1. år - Diplom
2. år - Merke
5. år - Fat
10. år - Vase
15. år - "Elgen"
20. år - Krystallskål
25. år - Karafell
30. år - Geilo bolle

Det er også basar på samfunnshuset med mykje flotte heimlaga gevinstar.

Mat er også viktig etter ein lang tur, difor er det mogleg å få kjøpt suppe, pylser, kake og kaffi.

Vel møtt til ein flott palmesundag på Åmdals Verk!
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.