Haustkveld med høgtlesing frå Vest-Telemark.no

Haustkveld med høgtlesing

Dalen Hotel

Hotelvegen 33

3880 Dalen i Telemark

Likar du lydbøker? Då har du heilt sikkert høyrt den behagelege stemma til Anders Ribu. Med stor fagleg dugleik har han lest inn over 600 lydbøker innafor dei fleste genre. Hausten 2012 vart han tildelt Lydbokforlagets heiderspris og tittelen «Ridder av den Gylne Høreklokke».

Onsdag 18.10 samlast me framfor peisen på Dalen hotel for å høyre Anders fortelje om kva slags arbeid som ligg bak ei lydbokinnlesing og for å høyre han lese høgt frå nokre favorittar. Lukk auga, len deg tilbake i ein mjuk stol, kjenn varmen frå peisen og lytt til ein av Noregs beste opplesarar.

Her kan du lese meir om Anders: https://www.lydbokforlaget.no/node/1576

Inngang: kr. 195,- som inkluderar kaffe og kake.
Påmelding innan kl.13 den 18.10 til post@dalenhotel.no/ #35 07 90 00 eller til Tokke bibliotek.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.