Kva skjer i Vest-Telemark?

Lokalhistorisk dugnad

Lokalhistorisk dugnad frå Vest-Telemark.no
Tokke Bibliotek Storvegen 211, Dalen 3880 Dalen
 
Tysdag 23. mai 18.00 – 20.00
 
Vil du vere med på å skrive lokalhistorie?

Det er stor interesse for lokalhistorie. Det kan ein mellom anna sjå på aktiviteten i sosiale media der mange deler foto og forteljingar om lokale personar og tilhøve. Problemet er at mykje lokalhistorie ikkje vert tatt ordentleg vare på og at mykje såleis kan gå tapt etter kvart som generasjonane går.

Telemarksarkivet samarbeider med Norsk Lokalhistorisk Institutt om å gjere lokalhistoria frå Telemark meir tilgjengeleg. Arbeidet føregjeng på nettstaden lokalhistoriewiki som allereie inneheld over 40 000 artiklar og mange foto, men der Telemark enno er underrepresentert.

Tysdag 23. mai kjem Per Ormestøyl til Tokke Bibliotek for å informere om prosjektet. Det blir gitt ei innføring i korleis ein skriv artiklar på wikien, og det er difor lurt å ta med eigen PC viss ein har. Det går an å låne PC av biblioteket, eller berre kome for å sjå og høyre.

Kontakt gjerne Per Ormestøyl dersom ein har spørsmål: 95 94 04 70, po@vtm.no
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.