Kva skjer i Vest-Telemark?

Ny åker i Eidsborg!

Ny åker i Eidsborg! frå Vest-Telemark.no
Vest-Telemark Museum Museumsvegen 24, Dalen i Telemark 3891 Høydalsmo
 
Måndag 22. mai 09.00 – onsdag 24. mai 12.00
 
Uppistoghommen mellom museet og Djuvestoga har lenge lege som beite og villeng. No kjem Daniel Høstberger med hest og plog og skal gjere bygg- og jordepleåker. Dersom vèret tillet det byrjar pløyginga rett over 17.mai, og arbeidet er berekna til tre dagar. Kom og sjå korleis hest, reiskap og mannskap arbeider – og korleis ein bearbeidde jorda før traktoren trilla inn tunet! I sommar kan du følgje åkrane vekse til, oppleve hypping og stell - og til hausten vert det både skuronn og potetonn!
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.