Kva skjer i Vest-Telemark?

Skuggen (teater og etterpåsnakk)

Skuggen (teater og etterpåsnakk) fra Vest-Telemarkkalenderen
Tokke Kulturhus Storvegen 211, Dalen 3880 Dalen
 
Fredag 31. mars 19.00 – 21.00
 
"Skuggen" er ein monolog basert på to tekstar av Jon Fosse. Eit kammerstykke av og med Montserrat Ontiveros.
Regi av Hans Jacob Sand.

Etter stykket vert det høve til å få seg noko å drikke og kanskje har ein lyst til å diskutere stykket.

Montserrat Ontiveros er ein kjend skodespelar frå Mexico. Ho er særs allsidig, - har spela store roller på teater, hatt hovudrolle i 17 tv-seriar og leia ulike tv-programmar. Og no bur ho i Eidsborg og er ivrig engasjert i kulturlivet i Telemark.

Om stykket: Skuggen er eit kammerstykke basert på Leve hemmeleg og delar av Suzannah. Det er ein minimalistisk oppsetjing som handlar om å vere og ikkje å vere. I Suzannah gjer Fosse eit forsøk på å finne att Ibsens kone som person og karakter, men i Leve hemmeleg undersøkjer han retten til å leve eit privatliv i fred, til å bli taus. Varigheit: ca 40 min

Billettar kan du kjøpe i døra eller på biblioteket. Kr. 100,-
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.