Veronica Salinas - OG frå Vest-Telemark.no

Veronica Salinas - OG

Tokke Bibliotek

Storvegen 211

3880 Dalen

Skodespelar og forfattar Veronica Salinas (f. 1977) les frå boka OG, akkompagnert av argentinske gitartonar ved Per Einar Watle.

Eg-personen i romanen OG går gjennom ei identitetskrise. Ho er ny i Noreg. Kvardagen er prega av rutinearbeid og språkkurs. Saknet etter heimlandet Argentina er stort, men det er umogleg å reise tilbake. OG er ein enkel og samtidig kompleks roman om identitet og språk. Ein roman med eit annleis, sårt, friskt og ofte humoristisk blikk på Noreg og menneska som lever her.

Per Einar Watle er ein norsk jazzgitarist. Han har fleire gonger vore i Argentina og forska på folkemusikken frå nord i landet. Han speler mellom anna i Per Einar Watle Trio og Christianssand Ensemble (CSSE).

Arrangement i samarbeid med Folkeakademiet TeVeBu. Gratis inngang.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.