Kva skjer i Vest-Telemark?

Ahlberg, Ek & Roswall

 
Onsdag 4. oktober 20.00 – 23.00
 
Svensk toppgruppe i Årestoga
Sett av onsdag 4. oktober: Frå nabolandet i aust kjem ei av dei meist «heite» gruppene for tida til Rauland og Årestoga. Ahlberg, Ek og Roswall har med sitt blendande samspel og sine fantasifulle arrangement hausta suksess på ymse folkemusikkfestivalar rundt om i verda dei siste åra. Musikken deira kjenneteiknast av stor variasjon i uttrykket og ein aldeles uimotståeleg «sving» på fele, nykkjelharpe og gitar.

Emma Ahlberg kjem frå Sundsvall og er oppvaksen med folkemusikk. Ho byrja tidleg spele fele og opptrer fast i fleire grupper og musikalske samanheng, m.a. med Ulrika Bodén, Folk All-in Band, Limbohovfet og Lars Bygden. Emma har utdanning frå Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm og sumaren 2010 vart ho «riksspelemann» på Medelpadslåttar.

Daniel Ek er fødd og oppvaksen i Vuollerim i Nord-Sverige. Han byrja spela gitar som åtteåring og har studera klassisk gitar på musikkhøgskulen i Piteå. Attåt spelar han renessanselutt, el-gitar og svensk sekkepipe. Daniel bur i Sundsvall og arbeider som gitarlærar og musikar, m.a. saman med Sofia Karlsson, Göran Månsson Band og han har vore med i gruppa Ranarim.

Niklas Roswall kjem frå Norra Kverrestad i Skåne. Han byrja på fele, men gjekk fort over til nykkjelharpe. Han vart riksspelemann i 1992 og verdsmeister (!) på kromatisk nykkjelharpe i 1996.
Etter fullførde musikkstudiar på KMH i Stockholm arbeidar han som folkemusiker i ei rekkje ulike samanheng, m.a. Nyckelharporkestern, duon Step on it med Ian Carr, Rålsgård &Tullberg kvartett og Ulrika Bodén med venner. Niklas var óg ein av originalmedlemane i Ranarim.
Det er folkemusikscena på Rauland som arrangerer konserten.


200kr for billettar. (100kr for studentar)


Bilde : Olle Melkerhed
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.