Kva skjer i Vest-Telemark?

Biletvev med Anne Gro Johansen

Biletvev med Anne Gro Johansen frå Vest-Telemark.no
Raulandsakademiet as Akademiet 2, Rauland 3864 Rauland
 
Måndag 26. juni 19.00 – 15.00
 
Kurs for nye og erfarne biletvevarar. Her kan du veve tradisjonelt eller eksperimenterande etter eige ynskje. Det blir undervist i grunnleggande teknikkar, både tradisjonelle og nyare variantar. For dei heilt ferske er det lurt å byrja med ein prøvelapp. Lærar har opplegg og garn. Eller har du eit mønster du aldri har fått sett ut i livet? Har du lyst til å lage eigne komposisjonar, får du hjelp og rettleiing til det. Du treng ikkje vera god til å teikne. Biletvev er eit stort kunnskapsfelt, du kan sjølv velje område du vil arbeide med; teknikkar, fargar, materialkombinasjonar, komposisjon eller uttrykk. Du må ha eiga biletvevramme. Ta kontakt med kurslærar dersom du har behov for material. Anne Gro Johansen er biletvevar og har undervist i mange år.

Pris: Kurs kr 5700,- Opphald og mat kr 5880,-
Påmeldingsfrist 15. mai.

Meir info og påmelding:
http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Kurskatalog/Biletvev
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.