Kva skjer i Vest-Telemark?

Draumkvedet 2018

Draumkvedet 2018 frå Vest-Telemark.no
Neset Gard Totakvegen 763 3864 Rauland
 
Laurdag 6. januar 18.00 – 22.00
 
Draumkvedet med Ingebjørg Lognvik Reinholdt !
For 7. gang i Torvetjønnstoga - en historisk og fredet stoge fra 1715. Nok en ny versjon av dette visjonsdiktet fra middelalderen.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på Michael Jackson og dansa til Scatman, gjekk seks år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsviser. Sida den gong har ho kveda, sunge viser, dansa, vært med i teateroppsetningar, heldt konsertar og kurs, samt fordjupa seg i folketradisjonane. Ho syng alt frå freidige stev til mørke middelalderballadar. Ho syng til og med moderne musikk, men då helst med ein liten folketvist. Gjennom utdanninga har ho opparbeida seg ein rik kunnskap om kulturhistorie og sangtradisjonar i Noreg.

Etter konserten blir det servert fyldig suppe m/brau. VI har alle rettigheter.
Konserten starter kl. 18.00.
Pris for konserten : kr 350
Pris for maten - kaffe/te : kr. 200

Bestilling av billetter hos bente.tvenge@gmail.com eller 90870700.
www.neset-telemark.no
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.