Kva skjer i Vest-Telemark?

Gjertruds Sigøynerorkester

Gjertruds Sigøynerorkester frå Vest-Telemark.no
Fjellvang i Edland 3895 Edland
 
Fredag 17. november 18.00
 
Gjertruds Sigøynerorkester til Edland og Fjellvang i kveld fredag 17.november
Dei har seg ein tur innom Vaksenopplæringa i Åmot før dei set kursen mot Edland. Folkeakademiet i Vinje i samarbeid med Dølten og Flyktninggruppa i Edland og Haukeli står som tilskipar. Dette blir ein forrykande kveld med god musikk. (Du rekk gullrekka etter at du har avslutta konserten på Fjellvang)

Gjertruds Sigøynerorkester har turnert over store deler av Norge, til og med Svalbard, vore med i radio og TV, deltatt på ei rekke festivalar og festspill og spila inn fleire cd-ar. Ensemblet mottek ensemblestøtte frå Norsk kulturråd.

Om musikken

Østeuropeisk sigøynermusikk, er prega av brå skift, frå sår melankoli til fyrige danserytmer. Element fra kunstmusikk, 1800-talls populærmusikk og ikkje minst folkemusikk har smelta samen til ein unik musikkform der folkemusikken sitt tonespråk blir kopla med klassisk/romantisk klangideal og virtuos spilleteknikk. Gehørbasert innstudering og arrangering, kombinert med ”klassisk” spilleteknikk og virtuositet gir rom for eit nyansert, leikent og inderleg musikalsk uttrykk. Sigøynermusikken sin variasjonsrikdom i rytme, tempo og frasering, der det blir forventa at ensemblet følger, krev ekstremt tett og fleksibelt samspill.
Det blir kaffi og kake inkludert i billettpris kr. 200.- /150 .- for medlem og gratis for ungar
 
Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.