Haukelirennet 32 km frå Vest-Telemark.no

Haukelirennet 32 km

Haukelifjell Skisenter

Vågslid

3895 Edland Vågsli

Velkomen til Noregs blidaste turrenn! :-)
Haukelirennet er eit av få turrenn i Noreg som går i friteknikk, og traseen slyngar seg gjennom majestetisk natur på Hardangervidda. Vi har klasser som passar alle – om du vil gå med eller utan tidtaking.

Alle deltakarar får årets Haukelirenn-lue ved start, samt at det er premiar til dei tre beste i kvar klasse. I tillegg har vi også desse premieringane:
Statkraftspurten: 1. plass, kr 3.000,- / 2. plass, kr 2.000,- / 3. plass, kr 1.000,-�. Dette gjeld alle klasser, men rennet må fullførast. Det er lik premiering for dame- og herreklasse.
SR-bakken: Raskaste kvinne og mann i nedfarten mot mål får kr 3.000,-�kvar.
Mål: 1. plass, kr 5.000,- / 2. plass, kr 3.000,- / 3. plass, kr 1.000,-�
Det er lik premiering for dame- og herreklasse.

I 2018 er det 10 år sidan Haukelirennet blei arrangert fyrste gong, og det skal me sjølvsagt også markere. Meir info kjem etterkvart!

Påmelding til Haukelirennet 14. april 2018 blir opna i desember 2017.

Les meir på www.haukelirennet.no

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.