Jolemarknad på Telemarkstunet - Konsert m. Torhild Ostad frå Vest-Telemark.no

Jolemarknad på Telemarkstunet - Konsert m. Torhild Ostad

Raulandsakademiet as

Akademiet 2

3864 Rauland

Program i Gardsjordstoga 9. november:
Økologisk eplesaft, ramsløkkrydder og meir frå Rinde Gård
Torhild Ostad sel CD-ar

kl. 14 Gratis konsert i Årestoga m. Torhild Ostad låtar frå den nye plata 'Jeg roper til deg'

>

Jolemarknaden på Telemarkstunet ved Raulandsakademiet er ope kvar laurdag og sundag (11-16) frå 25. november til 17. desember. Fleire aktørar samarbeidar til å skape eit levande tun fyllt med jolestemning. I Låven byr Handverksnemnda på handlaga produkt med høyt kvalitet frå heile Norge. Her kan ein finne flotte gåver til dei fleste i familien! Stallen er gjort om til eit takkebakeri der dei sel både fersk og frossen kling (lokal lefse) og flatbrød. I Eldhuset finn ein vårt steinomnsbakeri med nybakte økologiske boller og surdeigsbrød. På tunet er det også kafe med kjøtsuppe, kaker, kaffe og graut. Kvar laurdag vert det gratiskonsert kl. 14. I tillegg er det mange produsentar og andre aktørar som kjem ein helg eller to med alt frå nye bøker og CD’ar til designstrikk og lokalmat.

Program oppdateres fortløpande på vår nettside:
http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Telemarkstunet/Jolemarknad-paa-Telemarkstunet

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.