Jolemarknad på Telemarkstunet frå Vest-Telemark.no

Jolemarknad på Telemarkstunet

Raulandsakademiet as

Akademiet 2

3864 Rauland

Program i Gardsjordstoga 10. desember:
Økologisk eplesaft, ramsløkkrydder og meir frå Rinde Gård
Torhild Ostad sel CD-ar

Jolemarknaden på Telemarkstunet ved Raulandsakademiet er ope kvar laurdag og sundag (11-16) frå 25. november til 17. desember. Fleire aktørar samarbeidar til å skape eit levande tun fyllt med jolestemning. I Låven byr Handverksnemnda på handlaga produkt med høyt kvalitet frå heile Norge. Her kan ein finne flotte gåver til dei fleste i familien! Stallen er gjort om til eit takkebakeri der dei sel både fersk og frossen kling (lokal lefse) og flatbrød. I Eldhuset finn ein vårt steinomnsbakeri med nybakte økologiske boller og surdeigsbrød. På tunet er det også kafe med kjøtsuppe, kaker, kaffe og graut. Kvar laurdag vert det gratiskonsert kl. 14. I tillegg er det mange produsentar og andre aktørar som kjem ein helg eller to med alt frå nye bøker og CD’ar til designstrikk og lokalmat. Telemarkstunet er eit samlingsplass for fastbuande, hytteeigarar og andre tilreisande her på Rauland. Vi ynskjer at alle skal føle seg velkomne og godt tatt imot når dei er på besøk.

Program oppdateres fortløpande på vår nettside:
http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Telemarkstunet/Jolemarknad-paa-Telemarkstunet

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.