Kva skjer i Vest-Telemark?

Kurs: Skinnfell, tradisjonell saum og trykking med Britt Solheim

Kurs: Skinnfell, tradisjonell saum og trykking med Britt Solheim frå Vest-Telemark.no
Raulandsakademiet as Akademiet 2, Rauland 3864 Rauland
 
Måndag 26. juni 19.00 – 15.00
 
Lag ein flott saueskinnfell med trykk til seng eller stol. Materialkostnadene er avhengig av kva slag type skinn og kor mange skinn deltakarane ynskjer å bruke. Pris pr skinn varierar frå ca 950 kr til 2000 kr. Fire til seks skinn er vanleg å bruke.
Materiell elles: skjærnåler, klyper, lintråd, koster til sammen ca 300 kr. Kurslærar kan skaffe materiell og har arbeidsverktøy til utlån for dei som ynskjer det. Britt Solheim har halde skinnfellkurs i ei årrekke, utvikla kursmateriell og gitt ut bok om emnet "Skinnfell du kan lage selv". Kurslærar sender deltakarane utfyllande informasjon om skinn og prisar før kurset. Ho vil ha samtale med deltakarane på førehand når det gjeld skinntype og storleik på fellen. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 15.

Påmeldingsfrist 15. mai.
Pris:Kurs kr 5700,- Opphald og mat kr 5880,-

Meir info og påmelding:
http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Kurskatalog/Skinnfell-tradisjonell-saum-og-trykking
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.