Kva skjer i Vest-Telemark?

Kurs: Sy om, redesign av klede med Veronika Glitsch

Kurs: Sy om, redesign av klede med Veronika Glitsch frå Vest-Telemark.no
Raulandsakademiet as Akademiet 2, Rauland 3864 Rauland
 
Måndag 17. juli 19.00 – 15.00
 
Har du klede liggande som ikkje har rett fasong, men som har eit stoff du likar og som ikkje er utslite enda? Da kan du lære å lage heilt nye plagg ut av dei bruka kleda. Du kan enten bruke de brukte klærne eller du kan kombinere med metervare. Du får rettleiing til å få fram dine eigne idear og ynskjer. Vi spretter frå kvarandre delar av plagga og set delane samen på ein ny måte til det plagget vi ynskjer å sy. Vi jobbar med innprøving på eigen kropp. Du får rettleiing I sømteknikk slik at du får eit profft resultat. Har du for eksempel ei kåpe som er for stor, kan du sy ho om slik at ho passar din storleik. Men du kan og lage noko heilt anna enn det opphavlege plagget for eksempel ein kjole av ei bukse: sjå eksempler på www.veronikaglitsch.no

Pris: kurs kr 5700,- Opphald og mat i 6 døger kr 5880,-

Meir info og påmelding her: http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Kurskatalog/Sy-om-redesign-av-klede
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.