Kva skjer i Vest-Telemark?

Metalltrådarbeid med Mayliss Bredesen

Metalltrådarbeid med Mayliss Bredesen frå Vest-Telemark.no
Raulandsakademiet as Akademiet 2 3864 Rauland
 
Torsdag 5. oktober 19.00 – søndag 8. oktober 15.00
 
På dette kurset blir du kjent med metalltrådarbeid og fleire forskjellige vevteknikker / samanføyingsteknikkar som ein kan bruke. Her er det mange muligheter. Tradisjonelt var dette handverket kalla loffekunst, taterarbeid eller strengarbed og det blei laga vispar, krokar, gryteunderlag m.m. På dette kurset skal vi lage ljosestakar, smykkestativ, fat, tre med teljos til å henge på veggen, lamper med teljos til å henge i taket m.m. Det som blir laga kan pyntast med perler og prismer. Materialet er ståltråd og du kan lage nesten kva som helst, det er berre fantasien som set grenser. På kurset blir det bruka både vanleg ståltråde og svart tråd. Mayliss har arbeide med dette handverket i mange år.

Pris: Kurs kr 3800.- Opphald og mat i 3 døger kr 2940.-
Påmeldingsfrist 24. august.

Meir info og påmelding:
http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Kurskatalog/Metalltraadarbeid
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.