Kva skjer i Vest-Telemark?

Påskekonsert i Rauland kyrkje

Påskekonsert i Rauland kyrkje fra Vest-Telemarkkalenderen
Rauland kyrkje
 
Onsdag 12. april 19.00
 
Den tradisjonelle påsekonserten vert i år med musikarane Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik. Dei har fått flotte kritikkar for konsertane sine – både for tekstane, musikken og framføringa.
Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik har stått på scener over heile Noreg, og har gjeve ut mange album: sist saman med Veslemøys bror Jon Solberg i Ni liv.
«Kjenne på lykka» er ein konsert full av humor, varme og musikalitet, der publikum får høyre både gamle og nye songar.
Som ein journalist sa det: «Kjenne på lykka» er ei raus, humoristisk og inspirerande framsyning, som samstundes seier noko viktig om oss sjølv og tida vi lever i.»
Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik kjem med ny CD i år: Sang til sjelen.
Billett kr.300. (sal ved inngangen)
Konserten er del av kulturårshjulet i Vinje kommune.
Arr: Rauland sokneråd og Rauland folkeakademi.
 
Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.