Kva skjer i Vest-Telemark?

Torgdag!

Torgdag! frå Vest-Telemark.no
Raulandsakademiet as Akademiet 2 3864 Rauland
 
Laurdag 16. september 11.00 – 16.00
 
Som i tidlegare år ynskjer vi velkomen til ein fin familiedag der alle som har noko å selge eller vise fram kan gjere det.
Raulandsakademiet står for sal av vafler, kaffi og varme retter i Gardsjordstoga. Husflidsnemnda stiller opp og opnar dørene til Låven med alle sine fine handverksprodukt. Bakeria kjem i gang med steinovnsbakte bollar og brød, nysteikt kling og flatbrød.

Det som vi manglar er deg! Mange besøkande set pris på å kunne handle lokale eller økologiske produkt direkte frå dei som lager dei. Det er god plass ute for dei som vil stå i friluft. Du stend sjølv for rigging av stand, sei frå om du treng straum. Gardsjordstoga og Årestoga er ledig for dei som ynskjer tak over hodet – her er det plass til fleire handverkarar.

Prisar:
• Pris pr stand (inne eller ute) for matprodusentar og andre professjonelle kr 500.-
• Pris for bil med open bakluke for sal av bruka ting kr 100.-
Vi reknar med mange hyttefolk og fastbuande!
Vi håpar på fint ver og mange gode produkt frå ein god haust.

Tinge stand/plass til bil:
Tlf. 35073292 eller post@raulandsakademiet.no seinast 13. september.
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.