Kva skjer i Vest-Telemark?

Treskjering, dragestil med Rune Hjelen

Treskjering, dragestil med Rune Hjelen frå Vest-Telemark.no
Raulandsakademiet as Akademiet 2, Rauland 3864 Rauland
 
Måndag 26. juni 19.00 – 15.00
 
Få grunnleggande innføring i dragestilen i norsk treskjerartradisjon! Du får praktisk tilnærming til dragestilen gjnnom skjering av ulike dragestilornament. I tillegg blir det fokus på stilhistoriske trekk ved dragestilen, praktiske element ved skjering i dragestil, grunnleggande materiallære, grunnleggande slipeteknikk, utveljing av egna utstyr, emnetilpassing og prinsipp for overflatebehandling.

Kurshalder har ulike teikningar som deltakarane kan bruke. Kostnader for klargjorte emne kjem i tillegg.
Kurset høver både for nybyrjarar og for meir øvde treskjerarar. Rune Hjelen er lektor, har svennebrev i treskjerarfaget og ein mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark. Les mer: www.runehjelen.no

Pris: Kurs kr 5700 ,- Opphald og mat i 6 døger kr 5880,-
Påmeldingsfrist 15. mai

Meir info og påmelding:
http://www.visitrauland.com/Aktoer/Raulandsakademiet/Kurskatalog/Treskjering-dragestil2
 
Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.