Kva skjer i Vest-Telemark?

Viser og dikt

 
Tysdag 10. oktober 18.00 – 20.00
 
Viser og dikt
Viser og dikt starta opp att i september, i festsalen på Raulandshuset. Olav Aukrust var tema denne kvelden, og det var Åsta som fortalde om hans liv og dikting. Øystein Kostveit, som dessverre ikkje er med oss lenger, fortalde at han som ung gymnasiast i Oslo budde hos ei gamal enke, og at han mest kvar kveld las dikt av Olav Aukrust for henne. Øystein fortalde mellom anna at han bruka diktet ”Emne” for folkekunststudentane sine. Emne må vera lagleg, ekte, varugt og heimsklegt, seier Aukrust, og diktet sluttar med: ”Du er sjølv eit emne, gut. Kjenn og skyn det, form det ut! …. Gløym no ikkje det til slut.”

Elles las Hilda Tjønn og Tom Nilsen dikt av Aukrust. Våre gitaristar, Bjønn framførte ei ny vise om Sondre Norheim og Eystein hadde sett tone til eit dikt av Arvid Hanssen. Harald Aasland, Jon Storlid og andre var også frampå med dikt og forteljingar. Som vanleg var det godt med kaffi, kaker og allsong.

No har vi kome til oktober, og det er Arnljot Eggen som er kveldens tema. Tom skal ta oss gjennom hans liv og dikting, og elles er det fritt fram for alle som vil bidra.

Denne gongen skal viser og dikt halda til i kapellet på Raulandshuset. Vel møtt!
 
Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.