
Dugnad på motorsportklubben
Motorklubben
Mekkeklubb – dugnad på motorsportklubben 16. oktober
Motorsportklubben – i samarbeid med kommunen – er nå i gang med å etablere ein mekkeklubb for barn og unge som ynskjer å møtast for å mekke litt. Vi er så heldige å ha fått med oss 12 frivillige unge vaksne og vaksne til å vere med desse kveldane! Meir informasjon om dag og tidspunkt for oppstart kjem etter kvart.
I samband oppstart av mekkeklubben treng motorsportklubben ei oppgradering! Vi ynskjer derfor å arrangere ein dugnad på motorsportklubben torsdag 16. oktober kl. 18. Vi må vaske, måle, rydde og snekre litt.
Så alle som har lyst til å bidra til at ungane i bygda skal få ein fin plass å vere, er hjarteleg velkomne til å bidra! Kom om du er vaksen eller barn, det er arbeidsoppgåver for alle!
Mvh motorsportklubben og Fyresdal kommune
Kontaktinformasjon
Fyresdal kommune
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.