Førsdal ringer - kan du svare?
Fyresdal kulturhus
Det skjer store endringar i Fyresdal no. Vil du vere med å bidra til utviklinga av framtida i Fyresdal?
Er du mellom 18 og 35 år? Då inviterer vi deg til medverknadsmøte 28. mars!
Her får du:
- - Informasjon om kva som skjer i Fyresdal
- - Moglegheit til å stille spørsmål
- - Spele inn idear til kva som skal til for at fleire unge vel Fyresdal
Denne delen av kvelden serverer vi gratis mat og drikke frå Hvelvet. Og ja – det løner seg å møte opp!
Alle som deltek får gratis billett til kveldens show kl. 20:30 med Kjell Kjellen (lenke)!
Det er maks 80 deltakarar på medverknadsmøtet – så her er det førstemann til mølla. Vi ønskjer å levere eit møte med god dialog, konkrete innspel og reell påverknad. Difor held vi talet på deltakarar avgrensa. Etter showet er det fest vidare til kl. 02:00.
Er du mellom 18 og 35 år – og har ei tilknyting til Fyresdal?
- - Bur du her i dag?
- - Jobbar du her, men bur ein annan stad?
- - Er du frå Fyresdal?
- - Har du familie eller hytte her?
- - Har du flytta ut, men vurderer å flytte tilbake?
- - Vurderer du å flytte hit?
Då vil vi gjerne ha deg med!
Hugs å melde deg på innan 19. mars kl. 09.00 (lenke)!
Kontaktinformasjon
FK
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.