Leverandørkveld – hyperskala datasenter i Fyresdal
Fyresdal kulturhus
Fyresdal kommune og CTS inviterer næringslivet til leverandørkveld i samband med planlagd utvikling av eit hyperskala datasenter på Molandsmoen industriområde, eit anlegg på om lag 365 MW og blant dei større planlagde datasenterprosjekta i Europa.
Med ein estimert investeringskostnad på om lag 100 millionar kroner per MW, utgjer dette ei samla investering på rundt 36 milliardar kroner.
Prosjektet vil skape store moglegheiter for leveransar innan mellom anna:
- - Bygg og anlegg
- - Transport og logistikk
- - Drift og vedlikehald
- - Teknologi og IT
- - Støttetenester og service
Kva får du på leverandørkvelden?
- - Presentasjon av prosjektet
- - Innsikt i komande innkjøps- og leveransebehov
- - Informasjon om korleis di verksemd kan posisjonere seg
- - Moglegheit til å knyte kontaktar og bygge nettverk
Målet med samlinga er å gi lokale og regionale verksemder tidleg innsikt i eit stort internasjonalt prosjekt, slik at næringslivet i regionen står best mogleg rusta til å delta i leveransar.
Næringslivet i Vest-Telemark og Telemark vil bli prioritert.
Merk: Arrangementet er retta mot verksemder – ikkje privatpersonar.
Dette er ein viktig møteplass for verksemder som ønskjer å vere med i ei stor regional satsing.
Vel møtt!
Hugs å melde deg på innan 10. mars kl. 12.00 (lenke)!
Kontaktinformasjon
FK
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.