Hopp til innhold
Trim og trening
© Colourbox

Litt sterkare med Idrettslaget

Fyresdal idrettshall

Vil du legge ned litt innsats for å bli ei betre utgåve av deg sjølv? Bli me når Fyresdal Idrettslag inviterer til styrketrening med enkelt utstyr i idrettshallen! 

Dette er eit lågterskeltilbod der kvar og ein legg ned den innsatsen dei har lyst til. Øvelsane vi legg opp til er enkle, men effektive, og vi legg opp treninga som fellestrening og sirkeltrening til musikk. Målet med tilbodet er å samlast for å bli inspirert til å legge ned litt ekstra med tanke på eigen helse. 

Vi oppfordrar alle som deltek om å melde seg inn i Fyresdal Idettslag, kontigenten er kr 100,- pr. år, og du betalar via "min idrett". 

Til å drifte dette tilbodet er vi heldige og har fem spreke damer som har lyst til, og sagt seg villige til - på privat initiativ, å ha treningane.

Aldersgruppe: Fra 16 år

Velkomen!

Om du lurar på noko, ta kontakt med Anne Lise.

Alle datoar

Måndag 19. januar – torsdag 30. april:
Kvar torsdag: 17.30 – 18.30

Måndag 19. januar – torsdag 30. april:
Kvar søndag: 18.00 – 19.00

Kontaktinformasjon

Fyresdal kommune
Tlf: +4798664025
E-post: anne.lise.greivstad@fyresdal.kommune.no
Heimeside: https://fyresdal.frivilligsentral.no/aktivitet?litt-sterkare-med-idrettslaget&Id=17481

Kart over Fyresdal idrettshall