Marknadsråd for reiselivet
Fyresdal Næringshage
Vi inviterer til marknadsråd i samarbeid med Visit Telemark. Møtet er ope for alle, men passar særleg godt for deg som er ein del av – eller ynskjer å bli ein del av – reiselivet i Fyresdal.
Tid: Tysdag 21. april kl. 17.00–19.00
Stad: Møterom Roan i Fyresdal Næringshage
På marknadsrådet vil vi dele erfaringar, statistikk, nyttig informasjon om den komande sesongen og siste nytt frå Visit Telemark. Vi legg også opp til tilbakemeldingar frå dykk.
Vel møtt!
Kontaktinformasjon
Fyresdal kommune
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.