Overnattingstur til Austre Nape
Austre Nape
Saman med Fyresdal jeger og fiskelag arrangerar Fyresdal frivilligsentral nokre spanande dagar for ungdom på Austre Nape.
Dette er eit arrangement under sommeraktivitetar for barn og unge sommaren 2026.
Vi har fått med oss Jake Semons, som skal lære oss flugefiske, og Sindre Greivstad frå Faun som skal formidle kunnsap om villreinen i området.
Instruktørane har med seg utstyr du kan låne, men om du vil må du gjerne ta med ditt eige.
Vi har fått lov av Johan Bernard Ugland til å bruke løa på Austre Nape til overnatting og opphald.
Du treng å ha med deg sovepose og liggeunderlag, personleg utstyr som toalettsaker, badetøy, frilufts tøy, gode sko og litt gotteri om du vil ha.
Fyresdal jeger og fiskelag kjøper inn og sponsar mat under opphaldet.
For spørsmål og meir informasjon ta kontakt med Anne Lise Greivstad, telefon 98664025.
Alle datoar
Laurdag 25. juli: 12.00 – 15.30
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Fyresdal Frivilligsentral
Tlf: +4798664025
E-post: anne.lise.greivstad@fyresdal.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.