Hopp til innhold
Lokalbua
© Monica Sølyst

Planleggingsmøte for Lokalbua

Fyresdal Næringshage

Fyresdal kommune inviterer til planleggingsmøte for Lokalbua 2026, og ynskjer både tidlegare deltakarar og nye produsentar velkomne.

Tid: Tysdag 21. april kl. 19.00-21.00
Stad: Møterom Roan i Fyresdal Næringshage

Lokalbua har dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig møteplass og salsarena for lokale produkt i Fyresdal. Her får både fastbuande og tilreisande oppleve noko av det beste bygda har å by på, enten det er lokalmat, handverk, strikkeprodukt, trearbeid eller andre kortreiste varer.

Målet med møtet er å planlegge sesongen, organisere drifta og fordele oppgåver. Samstundes ynskjer vi å kome i kontakt med nye aktørar som kan bidra til eit endå breiare og spennande vareutval.

Det blir produsert svært mykje flott i Fyresdal. Lokalbua er ein god arena for å vise dette fram, samtidig som det gir moglegheit for inntekt og lokal verdiskaping.

Jo fleire som deltek, desto betre blir både utvalet og opplevinga for dei som besøker Lokalbua. Vi håpar difor at både etablerte og nye produsentar ser dette som ein moglegheit til å vere med.

Har du produkt du ynskjer å selje, eller er du nysgjerrig på om Lokalbua kan vere noko for deg? Då er du hjarteleg velkomen til møtet.

Vel møtt!

Kontaktinformasjon

Fyresdal kommune
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no

Kart over Fyresdal Næringshage