Hopp til innhold
"Tilbakekomstene"
© Teater Ibsen

"Tilbakekomstene" - ein mørk komedie om å gje slepp

Fyresdal kulturhus

"Tilbakekomstene" kjem til Fyresdal kulturhus 10. mars!'

Når sønnen forsvinn, står foreldra igjen med eit tomrom som ikkje lar seg fylle. Heilt til det ein dag bankar på døra – og der står han. Medtatt og sulten, men i live. Lykka er total, men vil den vare?

"Tilbakekomstene" tar for seg kjærleiken mellom foreldre og barn, er både tragisk og forbløffande komisk, og det er lett å kjenne seg att i tanken på å miste det umistelege.

Teater Ibsen inviterer til ei leiken framsyning med eit snev av galskap. Gjennom smerte og galgenhumor utforskast det mest menneskelege av alt: behovet for å halde fast og motet til å gje slipp. For når er nok, faktisk nok?

På scenen møter vi Dennis Storhøi, Anne Guri Tvedt og Jonas Strand Gravli som far, mor og sønn. Regi er ved Charlotte Frogner.

Velkomen til Fyresdal kulturhus 10. mars kl. 19.00!

Kontaktinformasjon

Fyresdal kommune
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no

Kart over Fyresdal kulturhus