Hopp til innhold

Over 100 i «kø» for å kjøpe småbruk

Har du eit småbruk i øvre Telemark? Då kan det løne seg å selje no, fortel prosjektleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet.

MANGE AKTUELLE KJØPARAR: Prosjektleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet fortel at over 100 potensielle kjøperar har meldt si interesse for småbruk i dei ni kommunane i Telemark. Foto: Rune S. Alexandersen

Over 100 ulike interessentar står nemleg på «venteliste» for å få tak i småbruk i dei ni kommunane som er med i småbruksprosjektet i Vest-Telemarkrådet (sjå faktaboks).

– Interessa er stor: Det har vore eigedomar som har fått over 100 førespurnader når dei blir lagt ut. Utfordringa er å få fleire eigedomar ut på marknaden. Difor trur vi at eit prosjekt som dette er ekstra viktig, fortel prosjektleiar for småbruksprosjektet, Johannes Rindal.

Rundt 1000 eigedomar utan fast busetting

I dei ni kommunane som er med i prosjektet, er det rundt 1000 landbrukseigedomar utan fast busetting, ifølge Statistisk sentralbyrå .

– Vi veit at det er alt frå store, flotte fritidseigedomar til det som i realiteten i dag er nedfalls. Og alt imellom. Det vi har gjort, er at kommunane ved hjelp av sine lister, register og ikkje minst lokalkunnskap har sett opp ei liste med aktuelle eigedomar som dei meiner passar i prosjektet.

– Så eigedomane er handplukka?

– Ja, på den måten at vi startar med dei kommunane vurderer som mest aktuelle. Men vi kjem til å kontakte fleirtalet av dei som ligg i den offisielle statistikken.
Vi tek kontakt med eigarane puljevis, slik at vi har eit handterbart antal eigedomar å jobbe med og kan følgje opp eigedomane på ein god måte. Vi veit at dette er viktig, og vil avgjere kor mange eigedomar vi får for sal eller utleige, seier Rindal.

Eigarane får fyrst eit brev, før dei får ein telefon med meir informasjon. Dersom det er ynskjeleg, tek dei og eit møte på sjølve eigedomen.

Mål om busetting på 1 av 6 bruk

Prosjektet har sidan våren 2021 arbeidd for auka fast busetting. På den tida er om lag 400 eigedomar kontakta. Om lag 50 eigedomar er i ulike faser av salsprosessen, der prosjektet anten har bidrege til marknadsføring eller svart på spørsmål kring det formelle rundt sal av ein landbrukseigedom.

– Målet med prosjektet – det vi jobbar for – er å få fast busetting på fleire landbrukseigedomar i dei ni kommunane, fortel Rindal.

I 2003–2004 var det eit tilsvarande småbruksprosjekt. Rapporten frå den gang (Telemarksforskning) hadde overskrifta «Mange vil ha, men få vil selje!». Det har med andre ord vore manko på småbruk til sals dei siste 20 åra.

– Den gong enda ein med at cirka 15 prosent av eigedomane fekk fast busetting. Klarar vi éin av seks, skal vi vere nøgde, seier Rindal.

– Dei fleste seier nei

Erfaringane så langt er at det sit langt inne for mange å selje. Svara deler seg gjerne i tre: nei, nja og tja. Den største gruppa – som seier nei – bruker gjerne plassen sjølv, ofte som fritidseigedom.

– Det er veldig bra at eigedomane blir brukt. Det er viktig. Det verste er jo at dei står tomme, ikkje blir brukt og ikkje blir halde vedlike. Mange av dei som har det som fritidseigedomar, føler veldig tilknytning til staden og eit ansvar for å ta vare på husa. Det er eigedomar som kan vere aktuelle for sal seinare, men ikkje akkurat no.

Så er det ei gruppe som er litt uavklart.

– Det handlar ofte om arv, generasjonsskifte, eller at det ikkje er så mykje brukt, men dei er litt i tenkeboksen. Det er en del eigedomar der det bør kome ei avklaring. Hvis prosjektet kan bidra til det, er det positivt, seier Rindal.

– Samanlikna med eit vanleg leiligheitssal er det vel ein prosess som tar litt meir tid?

– Det er klart. Vi veit jo at dette er eiendomar det er knytt kjensler til, det er ein ærleg sak. Det skulle berre mangle. Dette er ofte eigedomar som har vore i familien i generasjonar. Og til landbrukseigedomar er det ofte knytt ein del regelverk, seier Rindal.

Vitamininnsprøyting på bygda

Så kva kjenneteiknar dei som er interessert?

– Det er eit tverrsnitt av befolkninga, men det er mange som har teke eit aktivt val, ynskjer å bu på den typen eigedom, i stor grad er klar over kva det inneber, og som føler eit ansvar for å ta vare på ein slik eigedom, sette den i stand og ser føre seg å skape ei framtid der, oppsummerer Rindal.


Kvar kjem dei interesserte frå?

– Det er både folk som i utgangspunktet ikkje har noko tilknytning hit, men som over tid har vore på utkikk etter ein eigedom i vårt område. Vi har òg fleire der ein eller begge har tilknytning i området, og no ynskjer å finne seg ein stad å bu her.

Å få denne miksen av nye innbyggjarar er viktig, meiner Rindal. Mange av dei vil ha med seg arbeidsplassen i flyttelasset.

-Mange tek med seg arbeidsplassen, ei utvikling ikkje minst coronaen har framskunda. Så er det fleire som ser føre seg å utvikle næring med utgangspunkt i eigedomen. Slik sett har vi truffe godt med tidspunktet for prosjektet, meiner Rindal.

– Det er kanskje fleire som har hatt tid til å kjenne etter kva dei eigentlig ynskjer?

– Ja, for mange har livsrytma på ein måte blitt litt forstyrra, sett litt på pause, og det har gjeve folk tid til å reflektere litt og tenkje. Eg trur nok det gjer at fleire tek valet og ser at det er mogleg å løyse reint praktisk, seier Rindal.

– Vi har totalpakka

Sjølv er han innflyttar til Seljord frå Dovre og har mykje positivt å seie om regionen:

– Vi har eit variert næringsliv, vi har mange spennande jobbar. Det er mogleg å ha ei aktiv fritid med den fantastiske naturen vi har. Det er mange lag og organisasjonar der ein kan engasjere seg og som har mange aktivitetar. Vi har totalpakka, det er noko for alle.

-Gevinstane er enorme. Du får fast busetting, fleire innbyggjarar og eldsjeler som har lyst til å bidra i lokalsamfunnet. Desse eigedomane er avgjerande for å få vekst i folketalet.
    

Fakta om småbruksprosjektet
• Småbruksprosjektet er eit samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark (Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal).
• Prosjektet blir leia av Vest-Telemarkrådet.
• Målet er å bidra til fast busetting på fleire av landbrukseigedomane i kommunane.

Prosjektet er støtta av