Hopp til innhold
Gratis familiekonsert med unge musikarar og Haakon Esplo - Vest-Telemark.no
© Haakon Esplo

Gratis familiekonsert med unge musikarar og Haakon Esplo

Sundvang kulturhus

Unge musikantar på scena og ein fugl med meiningar!

Bli med på ein heilt spesiell konsert der aspirantar og juniorar frå korpsa i Tokke, Flatdal, Seljord og Kviteseid går saman og spelar for deg! Her får du høyre framtidas korpsmusikantar i full sving, med spelglede, mot og mykje god musikk.

Og som om ikkje det var nok: Vi får besøk av fuglen Anton! Han har kvasse fjør, store auge og endå større meiningar om det meste. Saman med Haakon blir det trylling, humor og show som både store og små kjem til å hugse lenge.

Ta med heile familien, besteforeldre, naboar og vener. Dette blir ein ettermiddag med musikk, latter og litt magi! ?

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Kviteseid hornmusikk
Tlf: 91174789
E-post: meretherei@gmail.com

Kart over Sundvang kulturhus