

Handverkarkaffi og omvising på Klauvreid
Uhøgtideleg handverkarsamling på Klauvreid i Tokke
Er du handverkar? Då er du invitert til kaffiprat på Klauvreid i Tokke.
NÅR: 23. oktober kl. 12.00-16.00
STAD: Blikomvegen 119, Vråliosen.
Kristian og Maria Nese Taxerås har nyleg flytt til Vest-Telemark. Saman med Bygningsvern Telemark inviterer dei til handverkarkaffi og omvising på Klauvreid. Garden har fleire spanande bygningar. Her står eit fint våningshus, eit flott bur og eit freda loft. Tidlegare i haust henta Kristian det gamle fjoset frå Brokka heim til garden. Fjoset har vore flytt frå plassen som det tidlegare sto på og kan skjule ei anna historie enn berre å ha vore bustad for dyr.
Handverkarkaffi er ei uhøgtideleg ettermiddagssamling kor vi ser på og diskuterer det dei frammøtte finn interessant. Det blir omvising på garden og mogelegheiter til å diskutere bygningar og bygningsdelar. Prøvetaking med bor og datering i Agder er tema som kan vere aktuelle å diskutere.
Ta med termos og smør! Maria fyrer i bakaromnen slik at vi får ferskt brød.
Handverkarkaffi er mynta på handverkarar, men er du spesielt interessert i bygningsvern og gamle hus er du også velkomen.
Meld gjerne frå om du kjem til Trond Arild Pedersen, Bygningsvern Telemark, på mobil 468 86 138.
Besøk gjerne heimesida til Bygningsvern Telemark: Bygningsvern Telemark
Kontaktinformasjon
Tlf: 46886138
E-post: tap@vtm.no
Heimeside: http://www.bygningsverntelemark.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.