Hopp til innhold
Vikingdag på Kviteseid Bygdetun
© vtm.no
Osebergskipet Åse legg til ved Kauphamar, Kviteseid bygdetun
© VTM / Mona Beate Kasin
Viking
© M. Kasin
Smedbilete Nordheimsmia

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!

Kviteseid bygdetun

I år kjem Olav's Menn og vikingskipet Åsa. Kviteseid bygdetun vert omgjort til ein yrande marknadsplass med aktivitetar for folk i alle aldrar.
På tunet vert det salsbodar og handverk. Her kan du vere med på vikingleik, høyre musikk frå vikingtida og prøve deg på bogeskjoting eller runerissing. Johannes stiller med eiser og dei som vil (over 13 år) kan få prøve å forme metall med eigne hender ved bruk av tradisjonelle teknikkar. Det vert høve til å teste deg på hesteryggen - sjølvsagt utan sal:-) Den gamle steinkyrkja vert open og arrangementet avsluttast der med ein konsert.
Årets utstilling i Utsondhalli vert offisielt opna og utstillar Anders Kvåle Rue fortel om kunsten sin. Det vert salsutstilling med viking som tema.

Sal av mat - Vikingburger frå Fjellgardane, kjøtsuppe, kaffi og sveler.

 

12:00 Bjørn ynskjer velkomen til aktivitetar på tunet og tar oss med ned til Kauphamar for å møte vikingskipet Åsa når ho nermar seg. Det vert ombordstigning for dei som ynskjer.
14:00 Opning av utstilling
15:30 Konsert i Kviteseid gamle steinkyrkje. "Hallvard med vener framfører musikk, kultur og liturgi frå vikingtid og middelalder"

Flott om du stiller i tidsrette klede og tak gjerne med deg stol.
Det er gratis inngang til alt, men me tar kr 100,- for parkering.

 

Vel møtt!

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no

Kart over Kviteseid bygdetun