Hjernevenleg oppvekst i fritidsaktivitetar
Kinosalen i Fleirbrukshuset
På samlinga for frivillige i mars kom det fram at det var fleire som ynskjer seg meir kunnskap om korleis møte barn og unge som strevar.
I eininga for oppvekst og kultur jobbar vi målretta etter ei forståing som vi kallar hjernevenleg oppvekst. Vi ynskjer å dele tilnærminga vår med alle dykk som driv fritidsaktivitetar, der målet for kvelden er å gje ei forståing og konkrete verktøy i møte med våre barn og unge. ??
Det vil bli god matservering under møtet.
?? Hald av datoen 31. august kl. 18-20 allereie nå og meld deg på her: https://forms.office.com/e/cdMtrAxwnK?origin=lprLink
For å berekne mat og for spisse opplegget best mogleg inn mot behova dykkar, ynskjer vi påmelding innan 14. august.
Velkomen! ??
Beste helsing
Reidun Carol Retterholt – kommunalsjef oppvekst og kultur
Marius Vøllestad – rektor Tveit skule/ Nissedal ungdomsskule
Lena Holskar Sanden – prosjektleiar i Binders
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Nissedal kommune
Tlf: 90605447
E-post: lena.holskar.sanden@nissedal.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.