Hopp til innhold
Frå A til Å: Analog jazzband & Ågapet mannskor - Vest-Telemark.no
© Granvin Kulturhus

Frå A til Å: Analog jazzband & Ågapet mannskor

Granvin Kulturhus

Frå A til Å – ein konsert om musikk og menneske

Etter suksessen i fjor er Analog Jazzband og Ågapet Mannskor tilbake med ein ny og større satsing i kinosalen på Granvin.

Årets konsert tek utgangspunkt i noko vi alle kjenner på: Korleis musikken påverkar oss. Korleis vi reagerer, korleis vi kommuniserer – med kvarandre og gjennom tonar. I ei tid som kan opplevast både urolig og ustabil, ønskjer vi å skape eit rom for fellesskap, humor, varme og ettertanke.

Vi får høyre musikk av mellom andre Ray Charles, Willie Nelson, Bruce Springsteen og Alf Prøysen. Frå swingklassikarar som When You're Smiling og Pennies from Heaven, til sterke låtar som Always on my Mind, Georgia og If I Should Fall Behind – der publikum også blir invitert med.

Med gjestar: Tom Bråthen, Vidar Ytre-Arne, Elin Reinstaul.

Dette blir ein kveld med jazz, korsong, solistar, humor og varme. Ein konsert frå A til Å – bokstaveleg tala.

Velkomen til ein kveld der musikken bind oss saman

Prisar

Voksen: 295,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Granvin Kulturhus
Tlf: 350 65 98
E-post: post@granvinkulturhus.no
Heimeside: https://www.granvinkulturhus.no/fra-a-til-a-analog-jazzband-agapet-mannskor-x3q6jbp/

Kart over Granvin Kulturhus