"Hardingfela i Nord-Amerika - Laura Ellestad og Ottar Kåsa
Nutheim Gjestgiveri
«Hardingfela i Nord-Amerika»
Laura Ellestad & Ottar Kåsa
Konserten vart til i samband med Telemarkfestivalen 2025, og her fekk publikum oppleve eit spennande møte mellom Ottar Kåsa og Laura Ellestad. I denne konserten vert det ikkje berre eit møte mellom to framifrå hardingfeleutøvarar og formidlarar – det vil òg vere eit møte mellom den norske og den amerikanske hardingfeletradisjonen. I 2025 har det vore eit nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerte at det er 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Amerika.
Emigrantane tok med seg si norske kulturarv på reisa – og hardingfela vart sjølvsagt med. I denne konserten vil Kåsa og Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk både i Noreg og Amerika med eit spesielt fokus på det norske spelet som blei brakt til Amerika av utvandrarar og korlei spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Prisar
Pris: 250,00
Kontaktinformasjon
Nutheim Gjestgiveri
Tlf: 35 0521 43
E-post: Kontakt.nutheim@gmail.com
Heimeside: https://www.facebook.com/events/995286279500954/
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.