Konsert: "Akkurat her, akkurat no"
Nutheim Gjestgiveri
Akkurat her, akkurat no er ein konsert med kvedar Ingebjørg Lognvik Reinholdt og bassist Mattis Kleppen. Denne kvelden møtest Ingebjørg og Mattis i sin felles fascinasjon for Telemarks folkemusikk. Publikum får høyre både groovy dansetakter og vakre viser – solo og i samspel – frå eit av landets rikaste tradisjonsområde.
Reinholdt kjem med eit stort repertoar og ei sterk forteljarrøyst, Kleppen med sitt heilt særeigne slåttespel på bass. Dei lyttar, svarar og dreg i kvarandre undervegs – og let musikken få endre retning i augeblikket. Nokre nummer får puste lenge, andre tek brå svingar. Nokre krydras med ørkenblues. Det er rom for både det vare, det rå og det som skjer litt på kanten.
Forma er open og uformell, inspirert av gamle song- og spelstunder der folk møttest tett på musikken og skiljet mellom musiker og publikum var flytande. Publikum inviteras med på allsong, får sjans til å kome med innspel, og ynskje seg ein song undervegs – ein slags lågterskel mikroversjon av ønskekonserten.
Dette er folkemusikk i levande form – som skapas i augeblikket og er ny kvar kveld. Akkurat der. Akkurat då.
Kontaktinformasjon
Nutheim Gjestgiveri
Tlf: 97542705
E-post: kontakt.nutheim@gmail.com
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.