Hopp til innhold
Konsert med Bøler - Vest-Telemark.no
© Nutheim Gjestgiveri

Konsert med Bøler

Nutheim Gjestgiveri

Laurdag 27.september kjem Bøler og lagar liv i Nutheimlåven.
Med to varierte album i bagasjen leverer femmannsbandet Bøler ei energisk blanding av viser, psykedelia og gode vibbar. Likar du Vreeswijk, tidleg Ole Paus eller Beatles, kan det henda du elskar Bøler.

Bøler vart etablerte i Oslo i 2011 av Olav Midttun Lie og Einar Næss Haugseth. Olav voks opp på Haukeli, og Einar er for tida busett i Flatdal. Sidan oppstarten har dei spela store og små konsertar på Austlandet og blitt eit energisk liveband i den sjølvtitulerte sjangeren «psykedelisk viserock».

Forutan Olav og Einar består bandet no av Torjus Eggen – bass, Tore Flatjord – trommer og Øystein Bang – perkusjon.
Det siste albumet deira, Sundag (2024), er delvis spelt inn og miksa i Flatdal – berre eit steinkast unna Nutheim Gjestgiveri. Tekstane tek for seg mellommenneskelege relasjonar, men òg meir eksistensielle tema som fridom, angst og utanfor­skap. Dei har gjerne innslag av humor, men det ligg nesten alltid eit alvor i botn.

Bøler gler seg til å fylle Nutheim med gode historier og til ein heilaften i vakre omgjevnader.

Cover 200,-
Velkommen!!!

Kontaktinformasjon

Nutheim Gjestgiveri
Tlf: 41 12 65 60
E-post: kontakt.nutheim@gmail.com

Kart over Nutheim Gjestgiveri