Hopp til innhold
Smiing av knivblad, ysting av ost og åkerarbeid med hest, Vest-Telemark museum.
© VTM

Åkerarbeid med hest, smiing, koking og ysting av ost

Museumsbøndane jobbar i Eidsborg denne helga

Museumsbonden Daniel jobbar med hesten sin på åkeren denne dagen. Du er velkommen til å hjelpe til, eller kanskje du har spørsmål om korleis åkerdrift føregjekk i eldre tid?

Daphne vil i tillegg syne publikum korleis ein ystar kvitost. Dette skjer på husmannsplassen til museet i Eidsborg laurdag.

Sundag er det sett av tid til koking av brunost. På sundag vil også Tore vere i Liosmia for å smi knivblad. Han tar med seg nokre bruksknivar han har laga.

NB: Dersom det vert store nedbørsmengder kan arbeidet på åkeren bli avlyst.

Alle datoar

Laurdag 4. juli: 12.00 – 16.00

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no

Kart over Museumsbøndane jobbar i Eidsborg denne helga