Bandvev i husmannsstoga
Demonstrasjon av bandvev
I dag er Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas attende i husmannsstoga i Eidsborg. Dei vil vise publikum korleis dei vev bunadsband til Vest-Telemarkbunad.
Sigrunn Lie Brattekås har skrive flere bøker med handverk som tema, og har dei siste åra interessert seg særlig for plukkebanda i Telemark. Saman med Eli Vesaas har ho laga ei vevbok der du får opplæring i plukkeband på grind og bandstøre og ei innføring i historie og tradisjon kring desse banda. I dag kan du møte duoen bak boka.
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.